tirsdag 15. mars 2016

Fokus på verdiar.....

Grublerier, tanker, idear og andre problemstillingar!


Biletkunst -
kva er no det i 2017?

Etter lang stillstand byrjar det kome foto og malte bilete på folk sine stove-veggar att.
Biletkunst er ikkje tapet -
treng ikkje matsje sofafargen heller, det er meint berre å treffe deg i sjela di!

NEI - men det er så mykje meir og!

I dette flotte landet som vi bur i  - finnast det eit stort antal folk som er fødde med unike gåver til å uttrykke seg kreativt og som brukar dei fleste timar i døgeret til dette. 

Snikkaren som fikser hus både ute og inne og gartnar som syter for at plantane,grønsakene, rosene og alt som veks får gode kår, dei er kunstnarar på sitt vis og skaper verdier vi alle treng.
Så har vi dei som teiknar og målar bilete , skaper vakre ting som og trengs i kvardagen.Dei fortel mykje om samtida og gir nytt livsmot til mange. Dei som skriv bøker og poesi skaper bilete med orda sine som du kan gøyme djupt inne i deg og grunne på.
Bøker og det skrivne ord gir oss kommunikasjon på høgt plan, dette er jo barnelærdom og det vi lærer på skulen.
Kvifor er då alt dette så lavt verdsett til dømes samanlikna med fotball og skisport?
Eg berre undrar meg......

Eg unner alle som driv med sport og fotball m.m. at dei trives med det - det er jo ein stor folkesport...også på TV.   Men kvifor ikkje gi like stort rom i media til alle  - same kva dei driv med?

Eg undrar - kanskje er der noken som kan gi meg eit svar?

Ventar spent.......


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar