tirsdag 15. mars 2016

Fokus på verdiar.....

Grublerier, tanker, idear og andre problemstillingar!


Biletkunst -
kva er no det i 2017?

Etter lang stillstand byrjar det kome foto og malte bilete på folk sine stove-veggar att.
Biletkunst er ikkje tapet -
treng ikkje matsje sofafargen heller, det er meint berre å treffe deg i sjela di!

NEI - men det er så mykje meir og!

I dette flotte landet som vi bur i  - finnast det eit stort antal folk som er fødde med unike gåver til å uttrykke seg kreativt og som brukar dei fleste timar i døgeret til dette. 

Snikkaren som fikser hus både ute og inne og gartnar som syter for at plantane,grønsakene, rosene og alt som veks får gode kår, dei er kunstnarar på sitt vis og skaper verdier vi alle treng.
Så har vi dei som teiknar og målar bilete , skaper vakre ting som og trengs i kvardagen.Dei fortel mykje om samtida og gir nytt livsmot til mange. Dei som skriv bøker og poesi skaper bilete med orda sine som du kan gøyme djupt inne i deg og grunne på.
Bøker og det skrivne ord gir oss kommunikasjon på høgt plan, dette er jo barnelærdom og det vi lærer på skulen.
Kvifor er då alt dette så lavt verdsett til dømes samanlikna med fotball og skisport?
Eg berre undrar meg......

Eg unner alle som driv med sport og fotball m.m. at dei trives med det - det er jo ein stor folkesport...også på TV.   Men kvifor ikkje gi like stort rom i media til alle  - same kva dei driv med?

Eg undrar - kanskje er der noken som kan gi meg eit svar?

Ventar spent.......


søndag 7. september 2014

Sumaren er over - hausten står for døra

Skulle ønske meg
at epletreet i hagen ser slik ut med frukt - men dessverre, fuglane og andre  dyr har vært der,
finns  ikkje flisa att.
Kirsebæra var det masse av, venta dei skulle modnast, men det var det andre som venta på og - dei var der om natta og tok alt!!!  SURT.
Så her er det berre å kjøpe på butikken, det smaker det og.

Trea er enno grøne og vakre, men haustfargane er smått byrja å vise seg.
Flotte tid med kamera  ventar.

Ha ein fine sundag du og ute på tur eller kva!!!

mandag 7. april 2014

Våren kom tidleg i år.....

Så er det blitt eit nytt år uten dei lovnader eg trudde skulle bli lette å holde...hmmmm

Dette året 2014 er uten snø i vinter og med milde temperaturar nesten uten -0 grader og ikkje serleg nedbør.

Hestehoven er den som har kome tidleg - avbilda oppe her.
Men no har bjørka museøyrer og gåsungane er avblomstra på 7.april !!!

Påska kjem så seint....kan ikkje huske sist den var i slutten av april - ???

Maling av nye bilder....det går litt tregt for tida, men dog....
Får innvilge meg pauser når eg har lyst til det - kjekt å være pensjonist!!!
Her er litt rablerier med penn og farger
ser ut for at her er mange halvkveda viser inne i dette bildet.

Dei som kikker inn på sidene mine vil vel finne andre ting og.
Følg med - det kjem til å skje ting no utover.


Ha ein kjempekjekke dag du også!